Gaute med 300-serie i lokalligaen
Kvam1 tok imot leiarlaget Mascot3 i 1. divisjon i kveld, og det var absolutt eit kamplystent kvammalag som entra parketten. Gaute smelte til med sin første 300-serie i opningsrunden og etter at fire rundar var spelt, vart det kun eit halvt poeng med attende til Bergen. Dei resterande 4,5 poenga sørga Robert Lindberg, Svenn-Rune Hansen og Gaute Øye Melstveit for vart igjen i Kvam.
Me gratulerer laget med ein viktig og sterk siger og Gaute med full pott i serie 1.
Kvam2 sleit seg til 2 poeng borte mot BBC2 medan Kvam3 vant 3-2 i bortekampen mot Åsane5. Så totalt sett ein god runde for oss.
---------------
DETALJAR
1. divisjon
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1511
2. divisjon
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1512