Siger heime og tap borte i lokalligaen
Berre to av laga våre var i aksjon denne måndagen då Kvam3 hadde walkover. Førstelaget vårt fekk som forventa ein tøff jobb på Vestkanten mot Mascot2. Vår gamle kvammaspelar Ove var den einaste som viste litt medynk med vår askøyavdeling, som gjorde ein grei figur - spesielt i serie 2 og 4, men smultringen var ikkje til å unngå når både Mathias Kjær og Thomas Samuelsen på Mascot2 flørta med 900-talet.
I Øystese var det Os-gjengen som fekk unngjelde. Våre tre spelte jamnt og bra og sikra seg 4 av 5 poeng. Ser ein på tala for kvar serie ser det ut til at kvemmingane hadde god kontroll i tre av seriane, men sanninga er at det var særs likt fram til niende ruta i serie3, men med seks strike og ein spare i tiarruta vart avstanden plutseleg formidabel. Heldigvis vart Kristoffer vår bestemann slik at me faktisk kan seia at trening hjelper... For verken Lars Endre eller Håkon har slite ut bowlingskoa sine denne sesongen. Desto meir imponerande at dei held eit såpass høgt nivå!
KAMPDETALJAR:
1. divisjon: MASCOT2 - KVAM1 5-0
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1511
2. divisjon KVAM2 - OS 4-1
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1512