God kveld på Kokstad
Kvam3 hadde spelefri i denne lokalligarunden medan første- og andrelaget møtte Fyllingen1 og BBC1 på Kokstad. Med siger 4-1 i begge kampane vart mykje avgjort med tanke på opprykk for tredjelaget og det å halda førstelaget i toppdivisjonen. Sjølv om Kvam3 (som kjempar om opprykk til 1. divisjon) hadde spelefri så gjekk resultata i denne runden i favør av oss. Nygård vant sin kamp mot Vestkanten, Os slo Mascot4 og vårt andrelag vant 4-1 over BBC1.
Kvam3 ligg no poenget før BBC1 og har fire kampar igjen der tre av desse er i vår leikegrind. BBC1 som er den næraste utfordraren har berre to kampar igjen og den eine er mot Kvam3.
For førstelaget var det godt å henta ein siger igjen. Dei opplevde store baneproblem i kveldens kamp og det tok nok på begge laga å halda oppe konsentrasjonen. Før siste serien måtte dei byta til nye banar for å gjera seg ferdige. Men Celine, Robert og Svenn Rune gjorde jobben - ungdomane mest, men som Svenn så fint sa: "Uten meg hadde laget tapt!" ;)
KAMPDETALJAR:
Fyllingen1 - Kvam1 (1-4)
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113058
BBC1 - Kvam2 (1-4)
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113148