Premie til beste lokalligaspelar i kvar divisjon
I pkt. 8 i loklligareglementet står det at: "Den spiller som har høyeste snitt i hver div, og som har spilt minst halvparten av kampene i divisjonen, blir premiert med pokal."
Minst halvparten vil seia at spelaren må ha spelt minst ni rundar i den aktuelle divisjonen. Me har faktisk moglegheiter til å sikra pokalane både i 1. og 2. divisjon i år.
Robert leiar suverent i 1. divisjon med eit snitt på 221,1 på seks rundar. Viss han spelar dei siste tre rundane kan han spasera seg til pokal. Nestemann på lista er Mathias Kjær som har 215,2 i snitt.
I 2. divisjon har Gaute minst like stort forsprang på sine sju spelte 2. divisjonskampar. Han har eit snitt på 200,2 med Thomas Namdal og Jens Grimsgaard halsande bak med 187 i snitt. Utfordringa her er at Gaute kanskje må spela dei tre siste rundane i 1. divisjon for å sikra plassen til førstelaget vårt. Men viss Gaute spelar for Kvam3 no på måndag så manglar han berre ein kamp, og det kan jo godt vera at førstelaget vårt har sikra plassen allereie i neste runde...
Elles så har eg på ny blingsa når det gjeld dette med kven som kan spela i kva rundar. Ser at Celine ikkje kan spela runde 16 for førstelaget sidan ho spelte runde 16 for Kvam3. Har difor tatt ut Robert, Gaute og Reidar til førstelagskampen mot Fyllingen2 i Øystese 11. april.