Toget til 1. divisjon går på skinner
I kveldens ekstrarunde i lokalligaens 2. divisjon gjekk resultata så absoltt vår veg. Me gjorde jobben og vant kampen mot BBC2 5-0. BBC1 gjekk på ein smultring mot sterke Vestkanten og er dermed ute av opprykkskampen. Mascot4 og Åsane4 delte poenga mellom seg og dermed distanserte me begge desse laga også. No er det nesten berre teori som hindrar oss i opprykket.
Viss Mascot4 vinn alle sine tre gjenståande kampar 5-0 så treng me 5 poeng på våre to heime- og ein bortekamp for å sikra opprykket. Tenker at det kan vera avgjort allereie i neste kamp mot Os i Øystese 11. april.
----
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1512&sesong=2022&runde=19808