Status etter dag 3 i Hardangersenioren
I dag var hallen dekka med blå haugesundstrøyer og trivelege haugesundere kor du enn snudde deg. Half Lampe stilte i fortroppen onsdag og i morgon er det veteranen Arvid Sandal som takkar for denne gang. Resten av gjengen snudde nasa heimover etter å ha testa ut vår utfordrande hall. Litt endringar vart det også på den førebelse resultatlista:
-------------------------------------------------------
OBS! Denne lista er status per dato og kan/vil bli endra
-------------------------------------------------------
1. Ove Fonn, Mascot (kr 5000)
2. Frank Tangen, Kvam (kr. 2500)
2. Svenn-Rune Hansen, Kvam (kr 1500)
4. Half Lampe, Haugesund (kr 600)
Klasse C-F:
1. Arvid Sandal, Haugesund (kr 2000)
2. Randi Hansen, Kvam (kr 1000)
Beste dame: Randi Hansen, Kvam (kr 1000)
Langfredag er det to puljer med god plass i begge, den første kl 12 og så kl 14. Påskeaftan og 1. påskedag ser ut til å gå ut viss ikkje noko skjer snart, medan siste turneringsdagen 2. påskedag førebels har spelarar til to puljer, - også der er det god plass.
Lenke til resultatside på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangersenior_2022_50/rapport/?Puljesegment=14492&Report=Standard