Kvam med to lag i 1. divisjon neste sesong
Gaute, Randi og Celine gjorde jobben og vel så det når dei slo tredjelaget til Åsane 3-2 på Vestkanten i kveld. Ungdomane var i storslag med 870 på Celine og 887 på Gaute, men det var Randi som var tunga på vektskåla og vippa resultatet i vår favør :) Dermed er det klart at førstelaget vårt beheld plassen og andrelaget vårt er allereie klar for opprykk. Kveldens kamp enda 4-1 til Kvam3 mot Åsane4.
Elles så er det berre å gratulera Nygård som seriemeister i 2. divisjon og Mascot3 som seriemeister i 1. divisjon. Det står ein runde igjen, men ingen kan rokke ved posisjonen til dei to på topp.
1. DIVISJON
- Åsane3 - Kvam1: 2-3
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1511
2. DIVISJON
- Kvam3 - Åsane4: 4-1
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1512