Dag vinnar av månadscup for april
30. april 2023, 20:04 av Frank Tangen
I dag var Dag (he, he) suveren. Han spelte tett på 200 i snitt i rein score og vant med meir enn 100 pinnar inkl. hcp på Kristoffer. Veteranen gjorde også unna den raskaste pokalvinnarrunden i og med at han er vinnar av månadscupen i februar, mars og no april. Når han først skulle sikra seg ein månadscuppokal til odel og eige (tre napp), så sørga han for at den berre fekk hans namn gravert inn i og med at Kristoffer stakk av med den forrige med sigeren i januar :)