Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Landsliga i 2023/2024?

21. mai 2023, 20:30 av Frank Tangen

Me har fått spørsmål frå Stord på om me tenker å melda på eit lag i 3. divisjon i landsligaen (NBF) neste sesong.

Me har jo fått eit særs sterkt lag med mange aktive både veteranar og ungdomar. Det er kjekt å gje alle litt utfordringar i tillegg til at den yngre garden då får høve til å plukka seriar slik at kravet om NM-deltaking er enklare å oppnå. Men skal me melda lag på så forpliktar det også at me klarar å stilla nok spelarar til kampane.
-------------------------------------------
-> handsopprekking så langt: 10 stk
-------------------------------------------

I årets serie var det berre eitt lag med frå Hordaland (Åsane), resten var frå Rogaland. Neste sesong vil det bli fleire hordalandslag med pluss at Haugesund kjem til å spela sine heimekampar på Stord. Stord melder på eit lag i 3. div.

Landsligaen vert spelt laurdag/sundag og gjerne med to, tre eller fire kampar same helga slik at ein slepp å reisa så mange helger. Kvart lag består av fire spelarar + ev. reserve.

Det er snart tid for påmelding og eg kunne tenkt meg ei lita handsopprekking (uforpliktande) på om du kunne delteke i ein slik liga - vert me mange nok (seks, sju stk) som viser interesse, så kan me melda på eit lag. Og,- det er abosolutt ikkje kampar kvar helg, heller ikkje annakvar, men kanskje kvar tredje eller mest truleg ein gong i månaden.