Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Oppsummert lokalligasesong

17. mai 2023, 13:33 av Frank Tangen
LogoKvamBowlinklubb.gif

->>Kvam1 - Mascot1: 3-2
Måndag 15. mai vart siste runde i årets lokalliga spelt. Kvam1 spelte heime mot Mascot1 og Celine, Gaute og Robert vant 3-2 i ein jamn kamp. Førstelaget vårt enda på 8. plass med 11 sigrar og 7 tap og er klar for 1. divisjon også neste sesong.

->>Åsane4 - Kvam2: 5-0
Andrelaget vårt gjekk på ein smultring i møte med Åsane4 på Vestkanten, men me hadde rett og slett utur som ikkje fekk med oss eitt poeng. I tredje serien spelte Dag 235, Olav 205, Olav Ludvig 168 som gjev laget 603, men akkurat då var også åsanegjengen oppe og vinka på 600-talet og poenget hengte seg fast i bydn. Kvam2 enda opp på 7. plass med 7 sigrar og 11 tap og vert verande i 2. divisjon.

->>BBC1 - Kvam3: 1-4
Tredjelaget har kjempa i øvre sjiktet i 2. divisjon heile sesongen og avslutta med siger 4-1 over BBC1 på Kokstad utan det heilt store spelet. Reidar er vel den som er mest nøgd. Frank og Finn opna svakt og skusla vekk det eine poenget i førsteserien. Kvam3 enda på 2. plass i divisjonen med 13 sigrar og 5 tap denne sesongen og laget er klart for 1. divisjon sesongen 2023/2024.

Heile 18 medlemer har delteke i årets 54 lokalligakampar. På toppen av snittlista finn me Robert (219,1), Gaute (204,7) og Celine (191,0). Snittet på alle 18 spelarane totalt vart 165,8. Me takkar alle deltakarane og håpar at de alle vert med også neste sesong.

1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1511&sesong=2022&runde=0

2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1512&sesong=2022&runde=0