Gaute og Randi klubbmeistrar - Ove månadscupvinnar for juni
25. juni 2023, 21:06 av Frank Tangen
I kveld hadde me ein kombinert månadscup og klubbmeisterskap. Det vart spelt seks seriar med vanleg månadscuo-hcp, men dei seks seriane vart også teljande som klubbmeisterskap - då utan hcp. Klubbmeistrar for 2023 vart Gaute Øye Melstveit og i dameklassen var det Randi Hansen som sikra pokalen. I månadscupen var det Ove Fonn som fekk napp i vandrepokalen og gåvekort.
Me hadde ein heller dårleg generalprøve før turneringa som startar om mindre enn ei veke. Både bane 1 og 2 var stridige. Gaute gjorde ein kjempejobb med å få bane 2 opp og gå igjen, men til slutt takka den for seg. Men me kom i mål i nokolunde skapeleg tid.