Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Status etter dag 3 av 16 - Hardangerferien

3. juli 2023, 17:46 av Frank Tangen

Så var dag 3 unnagjort. Me avvikla tre dagspuljer og tre nye spelarar såg dagens lys; Conny Lindahl frå Stord og Olav Ludvig og Kristoffer frå vår klubb. I tillegg spelte Olav og Frank dagens puljer. Det var fleire fyllingen-spelarar påmeldt, men desse trakk seg.

- 11 spelararar har deltatt og det vart ingen endringar på premietablået i dag.

Olav Ludvig og Frank opna dagen kl.10 med å fiksa bane 2 der wiren hoppa av i går. I går fiksa Røyrviken og underteikna venstre spake på ristebordet på bane to.

Har brukt bane 1 i dag og kulene blir av og til liggande igjen bak i anlegget. Olav Ludvig har justert litt og fjerna ein del svart tape/gummi på hjulet for at kulene skulle få tak - det var for tett med gummi på hjulet.

Elles så går banane veldig bra, sjølv om dei er besett med å setja igjen 7-10. Det har vore utruleg mange av dei splittane. Ein teori er at det er nye kjegler som letare set igjen den splitten.

I morgon vert det kveldspuljer i staden for dagspuljer (kl 17, 19 og 21) for å sjå om fleire melder seg på.

Eg har framleis ein del av dykk som "dødvekt/fyllmasse". Viss de ynskjer å spela nokre startar må de kontakta meg og betala lisensen, viss ikkje så stryk eg dykk etter kvart som speletida dykkar nærmar seg.

Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere

Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring

Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023