Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dagsrapport etter dag 4 av Hardangerferien

4. juli 2023, 21:50 av Frank Tangen

Dagens puljeoppsett vart endra frå kl 12, 14 og 16 til ettermiddagspuljer kl 1700, 1815 og 1930 for å sjå om fleire då ville kasta seg med. Og kanskje det fungerte - me fekk i alle fall to tilreisande spelarar med som ikkje ville spelt dagspuljer. Så kanskje eg skal endra i puljeoppsettet for komande måndag og tysdag.

I kveldens spel var det framleis ein del 7-10-splittar, men ikkje så ekstremt som i går. Det var tendensar til bra spel, men ingen som heldt nivået i fire seriar. Dermed er premielista lik som den var sundag kveld.

No vert det ein dags pause utan Jahn Teigen, men med Ung Fritid i hallen. Finn, Olav Ludvig og Terje (som vel eigentleg er reist til Oslo???) deler på den 5-timarsvakta. Kjempe!!

Banane fungerte bra i dag. Litt overmating på bane to og litt manglande kuleretur på bane 1, men som sagt stort sett bra. Me hadde tre puljer med ein spelar på kvar bane. Tre startar (12 seriar) på 4 timar er bra - dvs. 1 time og 20 minutt på kvar pulje inkl. vasking, oljing, klargjering og oppvarming - det må vel karakteriserast som speedbowling.

Skifta vaskerullen på oljemaskina i dag.

Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere

Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring

Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023