Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dagsrapport dag 5 av 16 i Hardangerferien

6. juli 2023, 17:53 av Frank Tangen

To hyggelege gjester frå Glåmdalen og Conny frå Stord pluss vårt ivrigste medlem; Olav stod for tre startar i dag.

SIstestarten i dag var Olav's tiende start og han snik seg stadig lenger oppover lista og forsterka topplasseringa i klasse CDEF (to premiar i klasse CDEF). Våre vener frå Glåmdalen sleit skikkeleg dei første startane, men viste tendensar i sistestarten. Conny Lindahl frå Stord har no spelt seg bra opp på vår profil og klatra til 3. plass.

Banane fungerte utruleg bra i dag, Nokre få gonger måtte eg henta kule på bane 1 og to overmatingar på bane to var alt. Eit støttestag losna på bane tre, men det var berre eit stag til beskyttelsesdekselet bak. Terje serverte kjeks til stab og gjester :)

I morgon kl 12 opnar me med Glåmdals-gutta pluss Ove, Svenn-Rune og Randi. Det er framleis mange dagar igjen og god plass i puljene for dei som ynskjer å spela.

Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere

Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring

Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023