Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dag 6 av Hardangerferien - fredag 7. juli

7. juli 2023, 19:54 av Frank Tangen

Så var det rett attende til 7-10-spel. 14 stk av denne litt utfordrande splitten stod og gliste mot oss i dag - og heller ikkje i dag var det nokon som tok den :).

Dagen opna med tre gjester pluss Ove, Randi og Svenn-Rune i førstestarten kl 12. Øystein Brakalsvålet frå Glåmdalen har vist stigning utover og vart bestemann i pulja, men ikkje med høg nok score til å snika seg inn på premiebordet.

I pulja kl 14 var Ove og Thomas frå byklubbane pluss Randi, Svenn-Rune, Olav Ludvig og underteikna i startfeltet. Randi gjorde ein bra start og klatra forbi Olav Røyrvik som beste CDEF-spelar. I siste starten i dag kl 16 var det speedbowling med Thomas, OLH og underteikna. Ingen av oss makta å endra på noko og dermed ser premiebordet slik ut når det står sju dagar igjen.

- Nr. 1: Ove
- Nr. 2 Celine
- Nr. 3 Conny Lindahl, Stord
- Nr. 4 Frank
- Andy Cap: Ove
- Nr. 1 klasse C, D, E og F: Randi
- Nr. 2 klasse C, D, E og F: Olav
- Beste dame: Celine

- Det har vore heller labert med deltakarar, men dei som har vore her har tydelegvis trivdes godt for alle har spelt mange startar. 15 spelarar har spelt 78 startar. Det gjev eit snitt på meir enn 5 startar per person. No ser det ut til å bli ein roleg (endå rolegare) periode fram mot neste helg og me har kanselert alle puljene denne helga. Me har tilreisande gjester som me må fylle puljene for både torsdag og fredag.

Per dato er det påmeldt totalt 27 spelarar og litt over halvparten av desse har allereie spelt nokre startar. Erfaringsmessig så vil nokre av dei påmeldte melde seg av, men me kan jo håpa at andre melder seg på.