Dag 7 av Hardangerferien - måndag 10. juli
Etter å ha kvilt ut i helga var det godt å koma i gang igjen i ettermiddag. Bård Horgen (Mascot) og Thomas Namdal (Fyllingen) frå bydn fekk fylgje av Olav Ludvig og Finn i dagens to puljer.
Etter ein heller forsiktig start i første pulje måtte underteikna be spelarane skjerpa seg og be dei rista litt i premiebordet. Denne overhøvlinga såg ut til å hjelpa for begge bygensarane opna særs godt, men det var ein av våre som skulle ta siste stikket.
Finn fekk ein ok opning med 187 før han klinte til i andreserien med 247 i rein score og med 27 i hcp gjekk han ein pinne forbi Ove i Andy Cap-kampen. Han låg også godt an til å nå det ordinære premiebordet, men ein svak sisteserie på 171 gjorde at han hamna ein pinne bak siste premieplass.
No ser det ut til å bli nye to dagar med slaraffenliv før me får gjester dei fire siste dagane i turneringa. Det er med andre ord framleis godt med plass til dei som ev. vil kasta seg med.
Førebels premiebord (ved 27 deltakarar):
- Nr. 1: Ove - 911 (kr. 5500)
- Nr. 2 Celine - 894 (kr. 2500)
- Nr. 3 Conny Lindahl, Stord - 867 (kr. 1250)
- Nr. 4 Frank - 831 (kr. 600)
- Andy Cap: Finn med 274 inkl. hcp (kr. 2700,-)
- Nr. 1 klasse C, D, E og F: Randi - 744 (kr. 1750)
- Nr. 2 klasse C, D, E og F: Olav - 717 (kr. 700)
- Beste dame: Celine - 894 (kr. 1000)
Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere
Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring
Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023