Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dag 8 av Hardangerferien - torsdag 13. juli

13. juli 2023, 19:04 av Frank Tangen

I dag var det mange tilreisande gjester i hallen. Eit nytt kjekt bekjennskap frå nabokommunen min i Møre og Romsdal var den som hadde lengste reisa, men også spelarar frå Haugesund, Stord og Bergen stod på parketten i dag. Det vart spelt tre startar og det florerte med 7-10-splittar både under oppvarming og i spel. I to av startane brukte me alle fire banane og desse fungerte bra.

Men resultata tok ikkje heilt av i dag heller. Olav Ludvig løfta seg inn på 2. plass i klasse CDEF og Hodel kom seg rett over par, men elles var det heller stabilt ustabilt....

I morgon er det tre rolege puljer før det tetnar til laurdag og sundag. Og framleis er det plass til fleire spelarar alle dei resterande tre dagane.

Førebels premiebord (ved 29 deltakarar):
- Nr. 1: Ove - 911 (kr. 6000)
- Nr. 2 Celine - 894 (kr. 2500)
- Nr. 3 Conny Lindahl, Stord - 867 (kr. 1250)
- Nr. 4 Frank - 831 (kr. 600)
- Nr. 5 Finn - 830 (kr. 600)
- Andy Cap: Finn med 274 inkl. hcp (kr. 2900,-)
- Nr. 1 klasse C, D, E og F: Randi - 744 (kr. 1750)
- Nr. 2 klasse C, D, E og F: Olav Ludvig - 731 (kr. 700)
- Beste dame: Celine - 894 (kr. 1000)

Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere

Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring

Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023