Dag 9 av Hardangerferien - fredag 14. juli
Då var atter ei 8-timars vakt unnagjort og endeleg vart det litt rørsle i premiebordet. Kenneth Hodel-Olsen frå Åsane spelte seg inn på 4. plass med 851 og Bo Ragnar Bengtsson frå Molde sneik seg ein pinne forbi Randi som beste CDEF-spelar med 745.
I morgon vert det storinnrykk i hallen med so å seia fulle puljer. Også sundag er det bra deltaking.
Banane fungerte nokså bra i dag også, men skjermane på bane 1 og 2 er ikkje heilt i lodd. Finn skal sjå på det og ev. skifta kort i kveld. Me har også litt problem med oljemaskina - ei av skruene til håndtaket er knekka, så det er vanskeleg både å skubba og dra maskina. I tillegg har det losna ei skrue som eg ikkje finn ut kvar skal vera.
Det er framleis nokre få ledige plassar igjen i helga - spesielt på sundag.
Førebels premiebord (ved 29 deltakarar):
- Nr. 1: Ove - 911 (kr. 6000)
- Nr. 2 Celine - 894 (kr. 2500)
- Nr. 3 Conny Lindahl, Stord - 867 (kr. 1250)
- Nr. 4 Kenneth Hodel-Olsen, Åsane - 851 (kr. 600)
- Nr. 5 Frank - 831 (kr. 600)
- Andy Cap: Finn med 274 inkl. hcp (kr. 2900,-)
- Nr. 1 klasse CDEF: Bo Ragnar Bengtsson, Molde - 745 (kr. 1750)
- Nr. 2 klasse CDEF: Randi - 744 (kr. 700)
- Beste dame: Celine - 894 (kr. 1000)
Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere
Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring
Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023