Dag 10 av Hardangerferien - laurdag 15. juli
Nest siste dagen i turneringa vår er unnagjort. Det var kjekt å koma til nyfiksa oljemaskin og skjerm som fungerte. Tusen takk til Finn som brukte fredagskvelden til vedlikehald i hallen. Fullt kjør i dag og mykje bra spel. Spesielt far og son Hodel gjorde det bra. Elles så ser det ut som om damene skal stikke av med flest premiar i turneringa. Bilete viser nr 1 og 2 i klasse CDEF; Bodhild og Camilla.
I gårsdagens startar fekk Hodel sr. 10 (ti) stk 7-10-splittar på sine tre startar. I dag bytta han ut dei fleste av desse med strike. I sistestarten for dagen opna han med forsiktige 169, men løfta seg opp til 255 og 266 før han avslutta med 211. Det var ikkje nok til å lura seg forbi Ove, men Celine måtte vika plass.
I serie nr 2 i andrestarten i dag var det Preben Hodel-Olsen Ørevik som verkeleg fekk drag på kula. Ein spare i førsteruta vart avløyst av 10 strike og ein 9'ar i sistekastet. Det gav han 289 i rein score og ny topplassering i Andy Cap-spelet; 303 inkl. hcp. er ei tøff utfordring for konkurrentane
I morgon har me utvida puljene til 12 spelarar både kl 11 og kl 14. Då hadde det vore kjekt å fått med seg ein assistent, viss nokon føler for det. I sistepulja i morgon er det god plass viss det er fleire som vil prøva seg.
Førebels premiebord (ved 30 deltakarar):
- Nr. 1: Ove - 911 (kr. 6000)
- Nr. 2: Kenneth Hodel-Olsen, Åsane - 901 (kr. 2500)
- Nr. 3 Celine - 894 (kr. 1250)
- Nr. 4 Conny Lindahl, Stord - 867 (kr. 600)
- Nr. 5 Janne Monsen, Molde - 866 (kr. 600)
- Nr. 6 Frank - 831 (kr. 600)
- Andy Cap: Preben Hodel-Olsen Ørevik, Åsane med 303 inkl. hcp (kr. 2800,-)
- Nr. 1 klasse CDEF: Bodhild Engebretsen - 813 (kr. 1750)
- Nr. 2 klasse CDEF: Camilla Heggland, Åsane - 769 (kr. 700)
- Beste dame: Celine - 894 (kr. 1000)
Lenke til sida på bowlingres:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/hardangerferien_2023/deltagere
Lenke til livescore:
https://beta.lanetalk.com/bowlingcenters/b5cb5339-b9b9-43b1-b7f2-6afffbfb2ba5/livescoring
Lenke til plakat:
https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=11222&Tittel=Ny%20plakat%20Hardangerferien2023