11. og siste dag av Hardangerferien 2023 - Sundag 16. juli
I dag vart det spelt tre startar og med solide inngrep i premiebordet. Ny topplassering vart levert av Kenneth Hodel-Olsen frå Åsane med imponerande 933 på fire seriar. Dermed måtte Ove og Celine ta eit steg nedover taburetten.
Det vart også endringar i premieklasse CDEF. Junioren Cornelius Strømmeli Bråthen frå Glåmdal spelte seg inn som nestbeste CDEF-spelar, men Bodhild Engebretsen frå Fyllingen forsvarte topposisjonen i klassen og spelte seg også inn på 6. plass på det ordinære premiebordet. Dermed vart Celine og Ove de einaste av våre som fekk med seg premie frå turneringa. Me gratulerer!
Endeleg premiebord:
- Nr. 1: Kenneth Hodel-Olsen, Åsane - 933 (kr. 6000)
- Nr. 2: Ove - 911 (kr. 2500)
- Nr. 3 Celine - 894 (kr. 1250)
- Nr. 4 Conny Lindahl, Stord - 867 (kr. 600)
- Nr. 5 Janne Monsen, Molde - 866 (kr. 600)
- Nr. 6 Bodhild Engebretsen, Fyllingen - 842 (kr. 600)
- Andy Cap: Preben Hodel-Olsen Ørevik, Åsane med 303 inkl. hcp (kr. 2800,-)
- Nr. 1 klasse CDEF: Bodhild Engebretsen, Fyllingen - 842 (kr. 1750)
- Nr. 2 klasse CDEF: Cornelius Bråthen, Glåmdal - 809 (kr. 750)
- Beste dame: Celine - 894 (kr. 1000)
Her er litt tørre fakta frå turneringa:
- 30 deltakarar (9 frå Kvam)
- 138 restartar
- 672 seriar
Me takkar for no og ynskjer alle velkomne attende til Hardangersideren i månadsskiftet september/oktober.