Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

HF i dag

22. okt. 2023, 22:23 av Terje Høysæther

For fyrste gong er Kvam Bowlingklubb del av det nasjonale seriesystemet. Tidlegare har klubben berre delteke i den regionale ligaen mot lokale lag.

– Ein må vera i landsligaen om ein vil satsa, seier Terje Høysæther i klubben.

Fyrste runde gjekk på Jæren tidlegare i haust. I helga var det Øystese-klubben sin tur til å vera vertskap. Kvemmingane fekk besøk av Fyllingen og Åsane.

Spelar på lag
I ligaspel er det om å gjera å skaffa poeng til laget. I ein runde kan ein maksimalt få tre poeng, og ein kamp går over fire rundar. Det er såleis 12 poeng å henta totalt.

– Det er kjekkare å spela når me er fleire som jobbar saman, seier Gaute Øye Melstveit.

Han er ein av dei fire som spela på laget til Kvam Bowlingkubb i helga. Brynjolf Lid, Robert Lindberg og Celine Larsen utgjorde resten av laget. Dei to sistnemnde kjem frå Askøy.

Lindberg er svensk landslagsbowlar og har internasjonale medaljar i ungdomsklassane. Larsen og Melstveit har hevda seg i fleire noregsmeisterskapar.

– Me er eit veldig ungt lag, men me er gode, hevdar Melstveit.

Dei fire spela saman også då Kvam Bowlingklubb var i den regionale ligaen.

Poengdeling
Då HF var innom laurdag, kjempa kvemmingane mot Fyllingen. Før siste runde leia Kvam 5—4. Etter 1—2 i siste runde vart det sesongens fyrste poengdeling i 3. divisjon.


– Eg spela oss vekk, innrømmer Melstveit.

Han var ikkje nøgd med eige spel, og meiner at han burde ha spela betre. Noko av problemet kom av at grepet på kula ikkje var godt nok. Før kampen mot Åsane var Melstveit i verktøykassen og fann fram reiskap til å utvida hòla i kula.

– Det er viktig å ha utstyret i orden, slår han fast.

Olja som ligg på banen, kan by på utfordringar. Skal ein få ned alle kjeglene, lyt ein ha den rette teknikken, understrekar Melstveit.

Kampen etter var mot serieleiar Åsane. Han enda med siger, og Kvam Bowlingklubb tok over tabelltoppen. Målet for sesongen er å rykkja opp i 2. divisjon. Då ventar meir reising, seier Høysæther.

I det nasjonale ligasystemet er dei lågare divisjonane delte i regionar. Det betyr at kvemmingane i år berre skal møta lag frå tidlegare Hordaland og Rogaland. I 2. divisjon er det lag frå heile landet, delte inn i tre avdelingar.

SPORT BOWLING KVAM BOWLINGKLUBB ØYSTESE