Celine og Gaute med kanonspel i 5'ar cupen
Ni spelarar stilte i kveldens cup. For første gong i historia deltok ein spelar med lisens frå Voss bowlingklubb i ei turnering i regi av NBF. Kjekt at Frode Stalheim tok turen og me ynskjer han velkomen attende.
Men det var to kvammaspelarar som stod for dei største prestasjonane i kveld. Celine Larsen med 218, 246, 216, 222 og 246 - totalt 1148 og Gaute Øye Melstveit med 210, 217, 224, 258 og 246 - totalt 1155, var begge rundt 230 i snitt over fem seriar. Sjølv med nytt anlegg i Kvam må dette seiast å vera i overkant.
Ni deltakarar er forsåvidt ganske bra, men det er fleire i klubben som kunne tatt seg tid ein sundag ettermiddag. No er allereie invitasjonen til neste cup 24. november lagt ut, så hiv deg frampå og meld deg på - anten sjølv eller ved å kontakta meg.
Resultat:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2024/5ercup_2/report/segment/16251/standard