Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

God lokalligarunde for våre lag

11. nov. 2024, 21:55 av Frank Tangen
Skærmbillede 2024-11-11 22.28.51.png

Andrelaget vårt tok imot Mascot4 i Øystese. Før runden låg Mascot på 2. plass, men etter å ha blitt sabla ned 4-1 skifta laga plass, så no ligg Kvam2 på opprykksplass. Ut frå scoren kan det sjå ut som om dei fleste spelarane sleit med å finne den gode linja. Reidar vart best av våre med 723 på 4 seriar (181 i snitt).
TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2024&Id=1626

På Vestkanten var det ungdomen som representerte Kvam. Tor André, Gaute og Celine spelte særs godt og med litt meir tur hadde dei vunne 4-1 . Kvam1 tapte første serien med 7 pinnar og totalen med 3 pinnar!! . No enda kampen 3-2 til Mascot1. Gaute fortset å spela hinsides bowling. I kveld spelte han 1033 på 4 seriar, det gir 258 i snitt! Han har per dato 237 i snitt over 26 seriar, det er det nest høgste snittet av alle landets spelarar denne sesongen.
TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2024&Id=1625