Lokalligakampar måndag 6. januar
6. jan. 2025, 22:02 av Frank Tangen
I den første lokalligarunden i 2025 var det Fyllingen som var motstandar for begge våre lag. Andrelaget vårt tok turen til Kokstad og møtte Fyllingen2 medan førstelaget hadde heimekamp mot Fyllingen3. På Kokstad vart det eitt poeng for trioen frå Strandebarm, medan førstelaget sikra seg alle fem poenga takka vere Gaute som framleis held på storformen.
I skrivande stund er det umogeleg å leggja inn resultata på bowling.no - truleg grunna databaseoppdateringa dei utførte i romjula. Men her får du alle detaljane.