Bra veterankamp, men litt for snaut til poeng
8. jan. 2025, 21:17 av Frank Tangen
Heile ti veteranar stilte på trening og veterankamp i kveld. Kjekt! I kampen mot Løkka var det ein del bra spel, men også ruter som me kunne vore forutan. Me var innafor rekkevidde til Løkka spesielt i dei to siste seriane, men det enda truleg med ny smultring sjølv om dette var den nestbeste kampen vår denne sesongen.
Resultatet over er henta frå lanetalk med det eg trur var Løkka sitt lag. Så får me sjå om ikkje det stemmer når Finn har fått registrert kampen på https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=117630