Sikra eitt poeng med 3 pinnars margin i veterankamp
23. jan. 2025, 21:42 av Frank Tangen
Både Kvam og motstandar Molde hadde forsiktige opningar i denne rundens veterankamp. Me opna med 790 mot Molde sine 819. I runde 2 løfta me oss litt og enda på 811 medan Molde jobba seg opp på 865. I sisteserien var begge laga tett på 900, men me slo Molde med 3 pinnar; 898 på oss og 895 på Molde. Dermed enda kampen 3-1 til romsdalingane.