Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Knusande siger for Kvam2 i lokalligaen

17. feb. 2025, 21:05 av Frank Tangen
Skærmbillede 2025-02-17 21.17.03.png

Det var ikkje mykje gjestfriheit å spora frå andrelaget vårt når Åsane3 gjesta oss. Alle poenga vart igjen i Kvam og det med særs god margin. Bra spel av heile laget gav solide 2168 i score og 180 i snitt på laget.
Dermed har andrelaget meldt seg på i opprykkskampen.
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2024&Id=1626
---------------------------------------------
I kampen mellom førstelaga til Kvam og Åsane vart det noko jamnare. Me valgte Winding Road som profil og denne sportsprofilen gav utfordringar til alle spelarane. Åsane hadde marginane på si side i serie 2 og 4 då dei sikra poenga med 6 og 3 pinnars margin. Kvam1 vant serie 3 så grundig at totalpoenget vart vårt. Ein jamn kamp og 2 poeng mot det suverene topplaget i divisjonen skal me vel eigentleg vera nøgde med. Medan andrelaget kjempar i toppen har førstelaget ei utfordring i å unngå nedrykk. Så poenga i dag kjem godt med.
Sterk førstelagsdebut av Lars Endre!
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2024&Id=1625