Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Sjansen - litt spaning i kvardagen

26. feb. 2025, 16:34 av Frank Tangen
Skærmbillede 2025-02-26 16.52.27.png

Kven tar sjansen og stikk av med potten, - eller går den over til neste runde, og når er neste runde? Bli med på denne nyvinninga i kveld kl 18.

Sjansen vil seia at det vert trekt ut eit tilfeldig tal mellom rundens lågaste og høgaste serie. Den som har spelt ein runde identisk med det trekte talet er kveldens vinnar. Viss ingen matchar talet, går potten over til neste runde.

Det er dei tre første seriane dine i runden som er teljande. Spelet kan fint kombinerast med ligakampar.

Pris kr. 50
Heile påmeldingsavgifta går i potten og minste utbetaling er kr. 500. Viss ingen vinn kveldens pott går innbetalt påmeldingsavgift over til neste runde.
----------------------------------
Alle fem spelarane som stilte på treninga kasta seg med i kampen om kveldens sjanse. Det vart spelt 15 seriar i spekteret 136 - 254. Etter at spelet var unnagjort vart talet 190 generert via ei "random number generator"-nettside og vinnaren kunne ta kvelden med feitare konto enn han starta med.