Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Auka klubbaktivitet?

10. mars 2025, 10:14 av Frank Tangen
veteranliga.gif

Underteikna tykkjer at klubbaktiviteten i Kvam har sege saman i takt med den makelege alderen mange av oss er inne i. Dette skal eg prøva å røska litt opp i - få oss ut av godstolen og inn på parketten.

Difor har eg lagt til ein ekstra treningsdag dei vekene det ikkje er lokalliga. Denne treninga er lagt til måndagar kl 18. I kveld vert første treningsøkt for sedate pensjonistar og alle andre oppegåande medlemer. Lover ingen vafler, men lokkar med ein runde av "Sjansen" der potten sist gjekk til jackpot.

Sjansen vil seia at eit tilfeldig tal mellom kveldens høgste og lågste serie vert trekt - treff du, stikk du av med potten. Kr. 50 for å delta. Dei tre første seriane dine er teljande.