Celine vant siste 5'er cup og Hodel vant finalen
I dag vart den siste runden av 5'er cupen spelt og for 4. gong toppa Celine cupen. Celine og Hodel har vore klare for finalen ei stund, medan underteikna, Ronny og Gaute kjempa om dei to siste plassane. Med siger i dag ville Gaute gå vidare, men den gjekk som sagt til Celine. Med 2. plass til Gaute var han avhengig av at Ronny blei maks nr. 5 i dag, men åsane-karen sikra seg 4. plassen med ein god sisteserie og med det finaleplass.
FINALE
Det vart spelt tre rundar med Round Robin i finalen (alle møter alle og får 30 ekstra bonuspinnar for siger). Celine og Hodel vant sine to første kampar og møttest i siste serien, medan dei to taparane Ronny og underteikna skulle gjera opp om dei to siste plassane. Hodel fekk ein kanonserie på 247 i rein score mot Celine sine 197 og han vant dermed 5'ar cup finalen sesongen 24/25. Me gratulerer!
5'ar cup innleiande:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/5ercup_2/report/squad/44035/standard
5'ar cuo finale:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/5ercup_3/report/squad/44036/pp