Kvam1 - Mascot1: 1-4 (lokalliga)
8. april 2025, 23:18 av Frank Tangen
Førstelaget vårt gjekk på ei ny blemme på heimebane i kveldens framskutte lokalligakamp. Atter ein gong var det eit av Mascot-laga som lurte oss. Denne gongen brukte me ein "snill" husprofil, men det gjekk likevel ikkje vegen. Mange sparemiss over heile linja både for heime- og bortelaget, men Mascot-laget var minst dårleg. Gaute vart bestemann med totalscore på 816 (204 i snitt).