Neglebitande sesongavslutning for førstelaget
Etter to heimekampar med 1 poeng av 10 mogelege har me verkeleg spelt oss ned i hengemyra i 1. divisjon, men det er framleis håp om å redda plassen.
Åsane2 er laget me må koma oss forbi og dei har 4 poengs leiing på oss før dei to siste kampane. Den neste kampen vår er akkurat mot Åsane2 på Kokstad - dette blir ein nøkkelkamp som me MÅ vinna. Det andre laget begge laga skal møta er Fyllingen1. Alle kampane går på Kokstad, men me avsluttar veka etter Åsane2 sin kamp mot Fyllingen1 så me vil vita om det er håp og kva som ev. må til i den kampen.
Skulle alt ryka så er det endå ein billett inn til 1. divisjon neste sesong; BBC1 ser ut til å vinna 2. divisjon, men ynskjer ikkje å rykka opp. Viss NBF sine opp- og nedrykksreglar gjeld, så vil nr. 2 og 3 i 2. divisjon rykka opp. Per dato er det to Åsane-lag og sidan ein klubb maks kan ha 3 lag i toppdivisjonen, vil me behalda plassen. Skulle derimot Vestkanten eller eit anna lag bli nr. 3. vil me rykka ned. Kvam2 har også ein teoretisk moglegheit til å nå den siste opprykksplassen (nr. 3 i 2. divisjon).
TABELL 1. DIVISJON (kampen mot Mascot1 manglar):
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1625&sesong=2024&runde=0
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1626&sesong=2024&runde=0