Ove og Celine kretsmeistrar
13. april 2025, 20:21 av Frank Tangen
Denne helga vart KM sgl. og dbl. spelt på Stord. Kvam stilte med Svenn Rune, Randi og Frank. Randi vart nr. 2 i dameklassen slått av Celine. I herreklassen nådde verken underteikna (nr. 9) eller Svenn Rune (nr. 14) opp til finalecuten på fem spelarar, men Ove Fonn tok seg inn til finalen der han knuste resten av finalefeltet i fire stegfinalar. Me gratulerer dei begge med kretstittelen.
Profilen på Stord var særs utfordrande, noko me kan ta vår ære for sidan det var vår gamle Crossfire som stod for oljinga :)
Foto: Ove og Celine (Bergen Bowlingkrets)
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/kmbbksgldbl2025/resultater