BBC2 - Kvam2: 3,5-1,5 (lokalliga)
12. mai 2025, 23:00 av Frank Tangen
Andrelaget vårt spelte nestsiste kampen for sesongen på Kokstad mot BBC2. Det vart ein jamn kamp der veteranane frå BBC drog det lengste strået.
No står det ein runde igjen for begge våre lag og den vert spelt om ei veke. Andrelaget får vitjing i Øystese av Vestkanten medan førstelaget, som sikra plassen i 1. divisjon sjølv med WO i kveldens runde, skal opp mot Fyllingen1 på Kokstad.