Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Underteikna med fin flyt på Gol

15. juni 2025, 21:38 av Frank Tangen
FT_SK2.jpg

Eit hav av kvemmingar meldte seg på årets sommartreff på Gol. Diverre vart det mannefall slik at berre dei gamle travarane (les Olav Ludvig og underteikna) tok turen til det hyggelege vertskapet i hallen på Pers hotell.

Me køyrde opp sist sundag og spelte 5 og 6 startar kvar - dvs. 15 og 18 seriar!!. For meg heldt spelet til 14. plass og start i 2. finalerunde i dag. Dermed vart det dieseldyret til Hallingdal på ny. Olav Ludvig spelte også bra og vart nr. 44 av dei 87 deltakarane i turneringa.

Det var totalt 4 finalerundar der 4 stk gjekk vidare i kvart finalesteg. Eg kom som sagt inn i 2. finalesteget og vart nr. 3 i det steget med 896 i rein score over fire seriar - det gjev 224 i snitt.

I finalesteg nr. 3 var heatet redusert frå 12 til 8 spelarar; dei fire beste frå finalesteg 2 + plass nr. 5-8 frå innleiande. Dette steget vant eg med scoren 836 (209 i snitt) og var dermed klar for siste finalesteget.

Hallen har vore stufull av folk i heile dag og temperaturen var ekstremt høg. Dette var nok litt av årsaka til at scoren dala for kvart steg. Personleg var eg heilt pumpa og utlada når me starta på siste finalen. Eg hadde rett og slett ikkje krefter nok til å levera ballen skikkeleg og kom heilt skeivt ut. Klarte til slutt å henta fram litt energi i siste serien (211) og rodde i land ein 7. plass - 2 pinnar bak 6. plassen.

Eg var absolutt ikkje den einaste som sleit i siste steget. Berre tre spelarar av 8-mannsheatet spelte over par, men ein som ikkje sleit var dagens suverene vinnar Thomas Hodel-Olsen Ørevik frå Åsane. Han spelte 1039 på 4 seriar - eit snitt på 260!!

Verkeleg synd at me ikkje fekk til ein fellestur til Gol denne gongen heller. Men det byr seg fleire sjansar.

RESULTATER PÅ BOWLINGRES:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/pers_sommertreff_2025/resultater