Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Finalespel på Stord

28. juni 2025, 21:54 av Frank Tangen
Screenshot 2025-06-28 221011.png

OPPDATERT 29/6 KL. 16: Det vart den sure 5. plassen i første finalesteget og sidan topp 4 gjekk vidare vart det snipp, snapp, snute... Men for Ove gjekk det heile vegen. Han vart nr. 2 i første finalesteget og gjekk heilt til topps i siste. Me gratulerer!!
-----------------------
Då var underteikna klar for første finalesteget i Åsane sommartreff på Stord. Dermed er det back to back finalespel for gubben - først Pers og no altså Stord. Kanskje det er håp på Oppdal også :).

Finalane i morgon er delt inn i to. I den første finalen kl. 1030 er det 10 deltakarar; plass nr. 5-8 + beste veteran, beste dame, beste CDEF-spelar og 3 stk frå Early Bird. Underteikna var nr. 7 etter innleiande, med Ove halsande hakk i hel. Dei fire beste frå finale 1 går vidare til finale 2 kl. 1230 der dei skal duellere med topp 4 frå innleiande om den store potten.

Det er ikkje livescore på Stord, så heimesitjarane får tolma seg til resultata vert lagt inn på bowlingres. Så får dieseldyret syta for at eg rekk heim att til månadscupen i Øystese kl 18.

BOWLINGRES:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/sanesommertreff2025/resultater