Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Delt månadscupvinnarar: Finn og Lars Endre

29. juni 2025, 20:01 av Terje Høysæther
Screenshot 2025-06-29 204943.png

Det vart tett i toppen i juniutgåva av månadscupen. Heile seks av dei åtte deltakarane kunne stikke av med sigeren når det stod ein serie igjen. Lars Endre og Finn avslutta med solide 202 og enda på delt 1. plass.

Etter to seriar rauk eit stag på bane 1 og me måtte komprimera oss, men det gjekk greit. Oljemaskina sitt vaskeprogram var heller ikkje heilt på topp, men dette var likt for alle.

Elles så har hallen fått ny rekordtavle som skal nyttast for offisielle sesongrekordar - dvs. kampar som er spelt i liga eller turnering.
Rekordane som minst vil vara til månadscupen i juli vart:
- Bane 1: 201 av Martin Istad
- Bane 2: 199 av Finn Olesen
- Bane 3: 202 av Finn Olesen og Lars Endre Tholo
- Bane 4: 212 av Frank Tangen