Samarbeidslag mellom Kvam og Voss i lokalligaen
3. sep. 2025, 10:48 av Frank Tangen
Klubben har snakka om å få til eit samarbeid med Voss bowlingklubb når det gjeld aktiviteter. Vossingane har vore flinke til å delta i vår månadscup og me håpar vossingane får til ei tilsvarande tevling midt i kvar månad på Voss.
Den 19. september reiser ei gruppe kvemmingar - både lisensspelarar og frå seniorgruppa - til Voss for å sosialisera og trena.
I dag har Bergen bowlingkrets og Norges bowlingforbund godteke at Kvam1 og Kvam2 i lokalligaen vert samarbeidslag mellom Kvam og Voss. Så me går ein spanande haust i møte.