Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Bra sesongdebut på heimebane i lokalligaen

3. sep. 2025, 21:48 av Frank Tangen
Screenshot 2025-09-03 214745.png

Våre to lokalligalag plukka 7 av 10 mogelege poeng på sesongens første heimekampar. Kvam2 møtte sterke BBC1 måndag og gjekk knallhardt ut med reint 1. divisjonsspel, men roa etter kvart ned og enda med 2 poeng.

Førstelaget fekk fjorårets nr. 2 på vitjing i ein utsatt kamp onsdag. Etter storspel av Gaute og absolutt godkjent spel av Tore Tellevik, som har hatt ca 12 års karatepause, sende me Mascot-gutta heim med smultring i bagasjen.

Kvam2 har no 2 poeng på to kampar og ligg på 5. plass medan Kvam1 deler toppen med 9 poeng på sine to kampar. I neste runde (15. september) skal Kvam2 til Kokstad der dei møter BBC2. Kvam1 får vitjing av stordingane.

1 divisjon:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658

2. divisjon:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1659