Knall heimekamp og tap på Kokstad
Førstelaget vårt tok imot stordingane til lokalligakamp i 1. divisjon. Gaute tok tak frå start og fekk supert fylgje av Tore, så underteikna kunne berre dilta etter. Å vinna 4-1 er sterkt, sjølv på heimebane, mot det sterke Stord-laget.
For andrelaget vårt gjekk det ikkje så bra når dei skulle gjera eit forsøk på å karra til seg poeng mot BBC2 på Kokstad. Veteranane på BBC2 gjorde hakkemat av kvemmingane og sende dei attende over fjella med smultring i bagasjen.
TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1659