Fullt pott i lokalligaen
Våre to lokalligalag tok turen til det nye stringbowlinganlegget på Vestkanten i kveld. Kvam2 for å møta Vestkanten i 2. divisjon medan Kvam1 møtte Ove sitt lag Mascot2 i 1. divisjon. Det ser ut til at kvemmngane trivst godt på parketten på Vestkanten, for etter fire seriar hadde laga sanka 10 poeng og gitt 0 frå seg. Rett og slett utruleg. I ein av seriane i begge kampane var det tett mellom laga, men vektskåla vippa i vår favør.
Gaute vart igjen dagens mann med kanonsterke 924 på 4 seriar inkl. ein 279-serie; dette gjev eit snitt på 231 på ein profil der berre nokre få enkeltseriar kryssa 200-grensa. Status etter fire rundar er at Kvam1 leiar 1. divisjon med 4 poengs klaring til nr. 2 og Kvam2 har klatra til 5. plass a poeng med fire andre lag. På Kvam2 spelte Randi, Finn og Reidar medan Tore, Gaute og underteikna var på Kvam1.
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1659
TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658