Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute vinnar av Åsane open

19. okt. 2025, 19:15 av Frank Tangen

Turneringa Åsane open vart arrangert i vår hall frå fredag 17. til sundag 19. oktober. Det vart spelt seks seriar utan finalespel. Gaute gjorde som han har gjort i lengre tid - rett og slett storspelte og moste resten av feltet med eit snitt på 227,5 på sine seks seriar. Einaste som var i nærleiken var arrangør Kenneth Hodel-Olsen. Me gratulerer!

Elles så stilte Kvam med 4 eigne og ein lånt deltakar fordelt jamt utover resultatlista. Turneringa var fullboka med eit drøss av haugesundarar, eit par vossingar og stordabuarar samt litt byfolk i tillegg til oss.

Tusen takk til alle som bidrog både i forkant og undervegs for å ro turneringa i havn. Det var mykje velleta både frå deltakarane og arrangøren.

https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/saneopen2025nourethane/report/segment/16835/standard