Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam - Agder: 1-3 (veteranliga)

30. okt. 2025, 19:32 av Frank Tangen
Screenshot 2025-10-30 193140.png

Hadde eg vore trenar for veteranane så hadde det vore rimeleg enkelt å vita kva som skulle vore treningsfokus - spare, spare og atter spare. I denne kampen hadde me 41 sparemiss. Det er meir enn 400 pinnar gitt vekk!! I tillegg hadde me 21 splittar, nokre av desse tok me men dei aller fleste splittane enda også med bonustap.

Mitt forslag for måndagstreninga (onsdag er jo utleigd, så eg håpar at mange stiller måndag) er at me spelar minibowling. Då trenar ein presisjon i staden for å jakta på den evinnelege striken. Og dessutan er det ganske kjekt.

Tenker også å ha ein runde 9'ar ball. Det vil seia at ein får strike viss ein får minst ni kjegler ned. Den treninga er for å prøva å redusera talet kjegler etter førstekastet. Mange av sparemissane kjem jo fordi me set for mange og vanskelege kombinasjonar igjen etter førstekastet sjølv om det ikkje er split.

TABELL VETERAN 4. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1656