Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Siger til Kvam2 i lokalligaen

10. nov. 2025, 23:35 av Frank Tangen
Screenshot 2025-11-11 002621.png

Foran alle dei mange tus... som nytta høvet og såg våre heimekampar på strømmetenesta Youtube, sikra Kvam2 seg sigeren 3-2 mot Fyllingen2. Kampen der var like jamn som kampen mellom Kvam1 og Mascot1, men for 1. divisjonslaget enda det med 2-3 tap. Trur begge laga skal seia seg godt nøgd med resultata frå kampane. Med dette resultatet fekk Kvam2 heng på laga over seg i 2. divisjon medan Kvam1 framleis ligg trygt plassert på toppen av 1. divisjon.

Tusen takk til Dag som tok seg av problema me hadde med bane 4. Den karen gjer ein kjempejobb for både klubb og hall!

Elles så såg det også ut til at direktesendinga av kampen på Youtube fungerte tifredsstillande, med unntak av at livescoren hadde trongt ein reset av score undervegs. Her er lenke til kampen:
https://www.youtube.com/watch?v=m_IbZ5zIOU0&t=13s

2. DIVISJON: KVAM2 - FYLLINGEN2 (3-2):
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=118314

1. DIVISJON: KVAM1 - MASCOT1 (2-3):
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=118242