Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Videoopptak og nytteverdi under trening

11. nov. 2025, 20:51 av Frank Tangen
Slepp.png

Måndag fekk me endeleg livefilm frå ligakampane våre. Ein ting er at det er kjekt å gje folk høve til å fylgja med på kampar, men vel så nyttigt er å analysera spelet i etterkant.

Biletcollagen i denne artikkelen viser Kvam1, Kvam2 og Mascot1 sine slepp på førstekastet (strikeforsøk). Som me ser så er det berre Gaute og Andre som kjem skikkeleg under kula i det dei leverer.

Med eit litt betre kamera hadde det vore lettare å sjå detaljar i leveringane og meir fristande å bruka moglegheita aktivt for våre medlemer til å forbetra spelet sitt. Det er fullt mogeleg å køyre streaming privat slik at opptaka berre vert sett av dei ein vel skal sjå desse.