Martin Istad til finalen i Pers open
Oppdatert 2:
Vossingen fekk ikkje heilt flyten i finalespelet og enda opp med 7. plass. Det var ganske jamt mellom spelararne. Frå Martin på 7. plass og opp til 4. plass skilte det berre 28 pinnar. Thomas Kristiansen (Gjøvik) vant herreklassen medan Grace Kristiansen (Glåmdal) vant dameklassen med høgste scoren totalt i finalane.
- foto: avisa Hordaland
Oppdatert:
Martin spelte seg inn på 2. plass i siste pulja laurdag og er dermed sikra plass i finalen kl. 14 sundag. Dei fire beste frå semifinalen sundag kl. 10 pluss dei fire beste frå innleiande skal kjempa i fire seriar om det flotte premiebordet. Martin får halvert hcp sitt i finalespelet, men 20 pinnar hjelper nok det også.
Me ynskjer lukke til!
---------------------
No er det ikkje så mange kvammamedlemer som deltek i turneringar rundt om. Særs gledeleg difor at ein av våre vossamedlemer har kasta seg med på Pers open på Gol og som ser ut til å sikra seg plass i semifinalen sundag 16. november kl. 10.
Martin spelte to startar sist laurdag og begge startane kvalifiserte til førebels semifinaleplass (nr. 5 - 12). Martin ligg i skrivande stund på 5. plass, men han vil gjera eit nytt forsøk i siste pulja laurdag 15. november kl. 1715 på å nå opp til topp 4 og dermed gå direkte inn i finalen sundag kl. 14. Me ynskjer Martin lukke til både med forsøket laurdag og ev. finalar sundag.
BOWLINGRES:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2025/persopen2025/resultater
LIVESCORE:
https://livescore.lanetalk.com/livescoring/3e80fce6-e539-11e9-88ce-0637e245fe12