Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Snart tid for Kjegletrimmen

28. nov. 2025, 00:14 av Frank Tangen
kjegletrimmen.gif

For n'te gong fyrer me i gang Kjegletrimmen. Turneringa der kven som helst kan delta og der kvalifiseringa går frå første til siste desember. Som før så er det dei tre beste korta a 3 seriar som avgjer sju av finaleplassane medan den med flest spelte kort får siste finaleplassen. Finalen er altså utvida frå 4 til 8 spelarar og vert arrangert første sundagen i 2026.

Nytt av året er at spelet også kan foregå i hallen på Voss. For å klara å organisere dette legg me inn krav om sms til underteikna samt vippsbetaling av spelekort i forkant av spelet. Så hentar eg resultatet via lanetalk etter at seriane er spelt. Den mest utfordrande jobben vert nok å finna rett hcp for spelarar som kastar seg med på Vangen.

---------------------------
KJEGLETRIMMEN VINTEREN 2025/2026
Registrering og dokumentering av årets kjegletrim tar nye former. Kvalifiseringsspelet er opent for alle og kan skje i hallane på Voss og i Øystese. Handicap vert gitt ut frå snittet i NBF samt lokalspel i dei ulike hallane som td. månadscup og bedriftsserie.
Maks hcp er 75 per serie.

KVALIFISERING:
– Frå 1. til 31. desember
– Eit kort består av 3 seriar og kostar kr. 50 (ev. baneleige ordnast med halleigar)
– Dei tre beste korta (totalt 9 seriar) vert teljande i kvalifiseringa til finalen
– Ingen begrensing på tal spelte kort
– Kortkjøp vert gjort ved å vippsa til #24485 samt senda sms med tal kort samt spelarnamn til 41573625 før spelet startar
* Om ikkje kortet vert spelt same dag, må ny melding sendast via sms
– Kort kan spelast samtidig med turnerings-, liga- eller bedriftsseriar
– Turneringsleiar vil så registrera kort-scoren ved å sjekka lanetalk.
* Om seriane vert spelt før kortet er kjøpt og sms sendt, vert kortet underkjent.

FINALE:
– Sundag 4. januar 2026 kl. 14 i Øystese
– 8 finaleplassar:
* dei 7 spelarane med høgaste score på sine tre beste kort
* Ved ev. lik score:
# Høgast score utan hcp
# Flest spelte kort
* den spelaren som har spelt flest kort
# Ved likt tal kort vil den som har høgast score på sine 3 beste kort få finaleplass
– Speleform: RR-finale (amerikansk)
* ein kamp mot kvar av dei andre i finaleheatet
* Scoren er pinnefall + 30 bonuspoeng ved siger, 15 ved uavgjort og 0 ved tap
* Vinnar er den med høgste score inkl. bonus etter at alle 7 kampane er spelt
– Premiering:
* Heile påmeldingsavgifta på kr. 50 per kort går til premiar
# Nr. 1 får 60%
# Nr. 2 får 30%
# Nr. 3 får 10%

Detaljane finn du litt ryddigare i vedlagt dokument:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12482&Tittel=Kjegletrim%20vin...