Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam1 - Åsane2: 3-2 (lokalliga)

24. nov. 2025, 21:00 av Frank Tangen
Screenshot 2025-11-24 213003.png

Andrelaget vårt hadde walkover denne runden, så det var berre førstelaget som var i aksjon. Me tok imot dei nybakte kretsmeistrane Åsane2 i Øystese. Terje Strandtun var den einaste på Åsane-laget som ikkje spelte KM sist helg, men han tok kommandoen frå start og sikra bortelaget to poeng med kanonseriane 232 og 235 i serie 1 og 3. I andreserien var me både heldige og dyktige og fekk vårt første poeng med 10 pinnars margin. Før siste serien kunne me altså tapa 1-4, 2-3. eller vinna 3-2. Heile laget vårt løfta seg og det var aldri tvil om kvar resten av poenga skulle hamna.

Etter denne runden ligg me på førsteplass med to poeng ned til Mascot1, som vant kveldens kamp mot Åsane1 4-1. Me hadde livesending på vår youtube frå kampen og denne kan sjåast på vår youtubekanal:
https://youtu.be/19lo8MCSFCc

TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2025&Id=1658