Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Invitasjonar frå Voss

26. nov. 2025, 23:47 av Frank Tangen
Screenshot 2025-11-27 000654.png

Torsdag 11. og fredag 12. desember er det Voss bowling som er i fokus. Me har motteke ikkje mindre enn tre ulike invitasjonar til desse to dagane:

SENIORTRENING:
Torsdag 11.12 kl. 11-13 kjem Tore Torgersen til bowlingen for å være instruktør for seniorar. Her får de tips og råd om korleis ein kan betre bowlingteknikken sin. Pris kr. 250,- per pers. inkl. rundstykke og min. to rundar bowling. Påmelding til Mona på tlf. 415 64 111 innan onsdag 10.12.

KLUBBKVELD MED TORE TORGERSEN:
- Torsdag 11.12.25 frå kl. 19.00-22.00 er Tore Torgersen i bowlinghallen på Voss. Her har du høve til å finpussa teknikken din og få råd og rettleiing. Pris kr 200,- per person.
- Påmelding innan 09.12.25 til post@vossbowling.no el til Mona: 415 64 111

VOSSABYGGMEISTERSKAP I SINGEL OG DOBBEL:
Fredag 12.12.25 frå kl. 16.00
- Singel: 3 rundar, ferdigspelt til kl 20.30. Pris kr 250,- Dei 6 beste går vidare til finale, start kl 20.30, og det blir sluttspel mellom dei 2 beste.
- Dobbel: 2 rundar x 2 pers, ferdigspelt til kl. 20.30. Pris kr 400,- per lag. Blir finale mellom dei 2 beste laga.
Med oss har me tidligare verdsmeister i bowling Tore Torgersen samt innehavar av norgesrekorden på to seriar (585), Gaute Øye Melstveit.
- Påmelding innan 09.12.25 til post@vossbowling.no el til Mona: 415 64 111