Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Tom vinnar av månadscup

30. nov. 2025, 20:40 av Frank Tangen
Screenshot 2025-11-30 213639.png

Ti stk stilte til start i kveld. Det var heller laber score jamt over, men desto meir spanande om kven som skulle ta det heim til slutt. Tom Aasen tok 1. premien på kr. 700 med formann Terje på 2. plass og kr. 300 i førjulsmoro.

Me hadde litt banetrøbbel både på bane 3 og 4. Svenn-Rune fekk skifta kjeglekoppen til kjegle 5 på bane 4 og klarte å ta oss igjen etter at me hadde komprimert oss på resten av banane. Men siste serien fekk me igjen fullført på alle fire banane.

Kampen vart streama på youtube, men den hakka ein del, så me har framleis nokre rundar å gå før me har fått den biten på plass.
https://www.youtube.com/watch?v=YB74SW_tLgw